15. mai 2023

 

DEI VIKTIGE SAMTALENE

Det er ikkje alltid

dei viktigaste samtalene

vert haldne i kyrkja.

Nokre gonger oppstår det

heilage samtalerom

midt i supermarknaden…


 

NÅR BLOMANE TALAR

 

Ser ut av sjukehusvindauget.

I dag har kirsebærtreet sprotte.

Dei ljose blomane talar i slike stunder -

og eg svarar tilbake: Tusen takk!


 

NOKRE SETNINGAR

Nokre setningar gjev helsebot

når dei vert sagde.

Ei slik setning er:

Eg er så glad for at du er du.


 

VIKEPLIKT

Han tilhøyrer den kategorien menneske

som nektar å vike for vikeplikta…


 

FARTSGRENSE

Eg sluttar aldri

å forundre meg

over enkelte medtrafikantar

som tutar, viser fingeren og ropar bannord

når eg fylgjer den lovlege fartsgrensa.


 

BOKORM

Han var ingen bokorm

men ei bok las han dagstøtt –

si eiga Facebook.


7. nov. 2020

 

EI VANDRING, EI VON OG EI HIMMELBRU

 

Nokre går føre…

Andre kjem etter…

Alle må vi ein gong

over den siste brua.

Frå æve til æve

strekkjer den seg.

Frå jordeliv til dei høge himlar.

Frå grav til oppstode.

Himmelbrua byggjest

den stunda ein vert fødd.

Brua legg minne på minne

etter vegen.

Dei gode minna er til

for oss som kjem etter.

Dei blir borne til det innarste inste.

Ingen kjenner dagen eller timen

når ein skal over himmelbrua

utan Vår Far i himmelen.


Heldig er den

som har ei himmelbru

å gå over.

Denne brua tek imot alle

som har vona som fylgjesvein.

Frå den eine sida til den andre.

Einsemda kjenner berre vi

som kjem etter.

Vi er på vandring.

Vi har ei von.

Vi eig ei himmelbru.